Ønskeliste
Sjølv om eg bur tusenvis av kilometer (sikkert) frå Tromsø, betyr ikkje det at eg IKKJE ønsker meg noko i Bursdags- og julegåver. Heng i å sende meg kort og penger og sjokolade fra Freia (vil du ha adresse, send meg mail eller ta kontakt på Feisern). Det eg derimot ikkje ønsker meg, er noko eg blir nødt til å ta med meg heim igjen. Eg veit eg ikkje har plass i kofferten. Få ting å drasse på er best!
Difor tenkjer eg at alle heller kan støtte ein god sak, i staden for å fylle opp kofferten min.
Eg vil ha ei geit frå Kirkens Nødhjelp.
Eg vil ha eit myggnett frå Unicef.
Eg vil ha ein minefri skuleveg frå Norsk Folkehjelp.
Og noko kult frå gavermedmening.no.
Sjølvsagt er det fleire ting på dei sidene eg har ramsa opp, og ENDA fleire sider enn det igjen. Slå dykk laus. Eg vil at folk som ikkje har det like bra som meg skal få det bedre. I bursdagsgave! (eg har bursdag på Laurdag. Hurra!)
random
Dagens tur til frisøren endte med total ulykke og løvemanke herfra og til månen. Fyrste gongen eg har løpt inn på badet for å vaske håret MED EIN GONG etter eg kom heim frå frisøren.
Det SER kanskje NESTEN LITT ok ut her. ETTER at eg har pressa alt håret INN i skallen igjen og GRODD det ut på nytt. no har eg for kort pannelugg og mareritt for livet. Og nei, det HJELPER ikkje at det berre kosta 20 Euro (joda..). I tillegg ser det ut som eg har tredd ein pakke pølser på hendene mine. NESTE gong Johanne, tar du AV deg brillene før du lar folk ta hårbilete av deg. Og ALDRI blogg om hår igjen. Syke altså!
Bø
071010 – Wien II
No er det virkelig på tide å mimre litt tilbake på kva som har skjedd i det siste. Det skjer desverre ikkje kronologisk rekkefølgje (fordi eg er lat). Og om du lurer på kor Wien I er, så er den ikkje her for eg tok ingen bilete fordi eg berre gjekk rundt i Maria Hilfer Straße (googleit) og var kul.
Vaknar av at vekkarklokka ringer og tenkjer at det hadde vore godt å sove lenger. Ruller ut av senga og sleper seg på badet. Står 50 minuttar seinare på toget. Ventar ein halv time på togstasjonen med dei andre i klassen og springer for å rekke toget vidare. Tjuefem minutt etter har neste tog landa i storbyen.
Går inn på U-banen og går av på neste stopp og springer inn på neste bane som kjem akkurat samtidig og gjere det ein gong til før vegen går opp verdas lengste rulletrapp for å komme seg opp i dagslyset. Føler seg veldig viktig og verdsvant og tenkjer at dette hadde vore gøy å bu der og gjere det kvar dag. Står plutselig i ein park saman med klassen og har lyst til å ta bilete av alt rundt, men har ikkje tid før dei går vidare.
Gjennom ein park med fine statuar og opp enda ei rulletrapp. Dei andre nemner i ei halv setning at der er operaen mens handa stiller kameraet på automodus slik at ting kan forevigast i fart. Alle bygningar som passerast er så fine så fine og blikket er meir vendt mot himmelen og veggane på dei fine bygningane enn på gata og det er bra at dei andre har kontroll på kor dei skal. Alt er så gamalt og unikt med fine mønster rundt vindauga og taka og dørene og alt. Heilt magisk.
Neste stopp er Albertine Galleri der Picasso-utstillinga skal beundrast og bedømmast, men tankane går meir til andre ting og plutselig står alle i ei anna avdeling. Ei avdeling med masse fine gamle usmykka rom med tak som er så fantastisk at nakken får vondt og kameraet blir gløymd av.
Neste galleri er Frida Kahlo og føtene gjer vondt mens guiden snakkar om alt mogleg om ho og sjølv om bileta er veldig fine så går blikket på alle dei andre som er der. Flesteparten er også der i regi av skulen og resten er turistar. Tenker at det er kult å vere begge deler samtidig.
Etter to galleri er føtene kjempeslitne og hovudet enda trøttare, og plutselig sit heile klassen på et fult tog på veg tilbake igjen. Tankane går tilbake til dagen og alt som har vore å sjå. At alt så utrulig gamalt ut. Og samtidig var det moderne. Gamalt og nytt samtidig og at det var finare enn finast. At innbyggarane har tilpassa seg det som allereie er bygd, og det gjort det til en fantastisk fin by.
Eg gleder meg til å dra tilbake!
(og klikker du på bileta så kjem du til flickern min der det er fleire bilete frå dagen, men mest tak sidan eg er rar. Og til helga drar eg plutselig til Tirol med vertsmor og vertsfar for å gjere lekser (okei, berre i tillegg), så alt anna datating får vente til etter helga. Hallohadebra)
Babbel om bæsj og bomber
EG TAR HINTET! OK?!
- I tusen evigheiter har eg irritert meg over at eg ikkje kan tysk gramatikk så godt som eg vil (fordi eg får sagt det eg må, men på en måte som er heilt koko). Difor har eg gått å “etterpå drar eg til byen og kjøper meg ei gramatikkbok” i over ei veke. I dag kom eg på at det også fins noko som heiter Internett. (kuleste gramatikksia)
– Heile tida her nede har eg lurt på kvifor folk seier “Sessel” når dei meiner stol, og ikkje Stuhl, som er det eg alltid har lært. Nett no spurte eg Anna og ho starta berre å flire.
Dagens lærdom:
Stuhl er også eit anna ord for bæsj.
Og apropo Anna og bæsj. I går skulle eg vere så kreativ å ta bilete av Sir Henry (skjeggagameren vettø) som satt på tastaturet og chatta på facebook. Kjempegod ide, men det resulterte i reptilbæsj på PC’n og enda ei teikning frå Anna:
- Og i går gjekk vi 8 km (4 km til og like langt tilbake) for å komme til kjøpesenteret i Wiener Neustadt for å kjøpe schokobons (supergode sjokoladekuler frå Kinder. Eg kjem til å bli feit her nede!) og skulesaker. Eg hater å sykle, men eg vurderer å lære meg å like det igjen. Det var litt langt å gå.
- Eg dro nedover hit, fullt overbevist om at det kom til å vere enklare å halde rommet ryddig. Hallo, eg har jo berre 20 kg med rot å rote med. Utrulig nok er det like bomba som heime. Og det med eit større rom også! Hei eg heiter Johanne og eg har tidenes rotegen!
- No har eg ikkje meir tøv å spy ut. Det kjem kanskje noko i morgon. Sånn om kva eg har gjort dei siste vekene. Men ikkje ha for store forhåpningar. Det kjem kanskje på Fredag. Eller Mandag. Eller..
Life of Johanne und Anna
Soloppgang i syden
ß Kvar morgon står eg opp før sola og springer i dusjen (badekaret) og akkurat etter eg har kledd på meg står sola opp.
ß Skuledagane startar kvart på åtte, men det gjer ikkje noko for eg tar tog til skulen og er ferdig 13.10 kvar dag (ikkje måndag. Hatar måndagar. Hei 17.20).
ß Kvar gong eg får post leggast det på plassen min ved middagsbordet og i førre veke fekk eg både eit superkoselig brev frå Gjertrud og pakke frå Tromsø. (Pakken var kjempestor og hadde vinterklede, stratos, brunost, prim, ekstern harddisk og vinterklede. Hei mamma og pappa! Oppi låg det også brev frå bestemor med klokka mi og bilete av midnattssola. Dei skal eg henge opp på veggen supersnart saman med brevet som eg ikkje klarer å lese. Eg trur det står fine ting der.)
ß Kvar dag gjer eg eigentlig det same som eg gjorde heime i Tromsø. Eg går på skulen og så er eg heime og gjer ingenting til det er på tide å legge seg. Men det går heilt greitt, for no i starten er eg heilt utkjørt etter skulen. Det tar verkelig på å berre høyre tysk på skulen!
ß Eg har ikkje skravla på over tre veker no og eg er sjokkert over meg sjølv. Stakkars alle rundt meg når eg klarer å snakka flytande tysk og forstå alt rundt meg. Eg kjem til å snakke hull i hovudet på alle saman!
ß Eg har tysk tastatur på pc’n og det fiksa eg heilt sjølv slik at eg kan bytte mellom norsk og tysk med eit einaste tastetrykk.
ß I helga var eg og vertssyster i Wien og vi gjekk og gjekk i Maria Hilfer Straße som er tidenes lengste (syns eg) shoppinggate med tusen millionar butikkar. Eg kjøpte meg ei ny bukse som eg superelskar. Hei h&m, har vi møttes før eller noko?
ß Kvar gong eg går på badet høyrest det ut som eg går ut på ei stor blomstereng med massemasse grashopper. Dei lager nemlig like mykje lyd når dei er ute som når dei er i ein boks innerst i eit skap. Nei, vi er ikkje kjemperar som fangar grashopper og legger det i eit skap – vi må berre ha noko å mate Sir Henry med. (Sir Henry er Skjeggagameren (øglegreia) til vertssyster)
ß Her nede har vi to finfine hundar som eg absolutt elskar og som hoppar og springer etter meg kvar gong eg kjem heim frå skulen. Supersøtt!
ß Det er 18 til 22 grader og sol kvar dag og eg burde eigentlig vere ute å nyte det heile tida. I staden sitter eg inne med vertssyster og gjer alt anna enn lekser. Ooooh Bad girl!
ß Hei, eg heiter Johanne og eg trives fortsett kjempegodt!
Skulen
Eg presenterer: BG Zehnergasse!
800 elever, sjukt mange klasser, tre linjer: vanlig Gymnasium, Wirtschaftskundlig Realgymnasium (det eg går på) og Scwerpunkt Sport. Eg går i klasse 7b og ironisk nok går brodern også i 7b, berre at det er heime i Noreg. I klassen er vi cirkus 25 stykker, og den består av både folk frå Gymnasium-linja og Wirtschaftskundlig-linja. Timane varer i 50 minutter, men til gjengjeld er det enda fleire fag og det fleire gonger i veka. Klokka 07.45 må eg troppe opp på skulen, og eg er ferdig klokka 13.10, ca kvar dag. Einaste unnataket er mandag, der eg har 11 timer. Ja, det er heilt til klokka halv 6. Wannsinn!
I Austerrike er det sånn og slik at ein starter på Gymnasium (eller yrkesskule) når ein er 9/10 år (dvs. 5.klasse i Noreg). Dei har allereie gått på skule eit par år, men veljer allereie då om dei vil ha ei teoretisk eller praktisk utdanning. Der går dei i 8 år, til den norske 2. klasse på vidaregåande. Eigentlig skulle eg gått i 8. klasse, men det er året då alle kjem opp i eksamen (Matura). Derfor går eg heller i 7, og får medelevar som ikkje berre tenkjer på skule.
Eg kan allereie no sei at skulen er ekstremt chill! Og det etter å ha gått der i ei veke. Dei fyrste to dagane var akkurat slik som i Noreg – utan spesiell timeplan. Det resulterte dog i at vi hadde matte i to dagar. Dei tre siste dagane har vi hatt dei forskjellige faga, og i går fekk vi skulebøker. Dei er ekstremt tynne, og likevel seier dei andre at dei aldri blir ordentlig ferdig med bøkene. Vi skal for eksempel fortsette å bruke fjorårets mattebok og psykologibok. Hei Noreg II!
Såh. Kva for fag har eg eingentlig? Eg har ein god del! Og det til tross for at eg ikkje trur eg gidder å ta ein “Walpflichtgegenstand” og Religion. Wahlpflichtgegenstand er det same som valfag. Kontaktlæraren min seier eg ikkje trenger å ta eit, og eg tenkjer at eg kjem til å vere opp til øyra med Schulübunger og Hausaufgaber uansett.
Eit av dei fyrste spørsmåla eg fekk av dei andre i klassen var om eg var katolikk eller protestant. Sært, ja! Det var forsåvidt ikkje fordi dei virker spesielt religiøse eller noko – dei ville berre vite om eg skal ha religionsundervisning eller ikkje. Eg truuur det er slik at om ein er katolikk trenger ein ikkje ha religionsundervisning. Sjølv om eg er protestant, fekk eg gladelig lov til å velje sjølv. Eg droppa det eg (eheheheheh). Eg må ha det i tredje heime uansett. Alle dei andre i klassen har i tillegg eit ekstra framandspråk. Akkurat som her i Noreg. Skulen har vore så grei med meg at dei har satt meg opp på ekstra tysktimar, i staden for at eg skal ha fransk eller LATIN. Det er eg veldig glad for, sjølv om tysktimane i 3 og 4.klasse (småunger <3 <3) er ekstremt kjedelig. Eg syns det er mykje betre å skjønne kva læraren seier, enn å høyre fransk ein heil time.
Engelsk, matte, fysikk, kjemi, biologi, psykologi og filosofi, geografi og wirtschaftskunde (kva betyr det eigentlig?), historie og politisk greie, tysk x2, husholdningsøkonomi og ernæring, gym, tegning (eg håper vi faktisk blir å tegne der også. Læreboka er tiidenes murstein!) og til slutt: noko bedriftsrariteter. Eg har ikkje peiling på kva eg skal ha dette året. Sånn eigentlig.
Kva vener på skulen angår, har eg ikkje fått veldig mange enda. Men deg kjem etter kvart! Alle i klassen har tatt kjempegodt imot meg og hjelper meg heile tida. I tillegg har enkelte av dei gått med meg kvar tysktime (deira latin- og fransktime) for å finne ut kva for andre klasser som faktisk har tysk. Dei er superflotte! I går var eg også med eit par jenter på café FØR skulen, sidan vi hadde fyrste time fri. Eg trives kjempegodt!
(Sjølvsagt er det hindringer som språk og at dei allereie er veldig gode vener som gjer at det blir ørlitegranne ensomt i enkelte friminutt. MEN!!! Eg har berre gått der i ei veke. Eg er ny (og eg må ta initiativ, som er littegranne vanskelig fordi eg ikkje snakker så godt tysk enda), og eg skal vere litt ensom i starten!)
Hoplahei og hadebra, eg har det kjempebra og det må de også ha!
Gestern war Dienstag
Eg har fått utvida ordforrådet mitt med cirka to ord: “genau” og “schön”. Det funker fett og no går eg rundt og seier ja, geuau, schön og nikker febrilsk med hodet. Det er berre ørlitegranne merkelig at eg ikkje har vondt i nakken!
I går var det tysdag og skulen hadde fortsett ikkje starta ordentlig. Det resulterte også i at vi hadde matte i tre timer. Eksponentialfunksjoner (eller Exponentialfunktionen) in mai hart liksom <3. Sidan eg ikkje kan skryte av å ha fått den største veneskaren ennå, hang eg heime resten av dagen.
Eg..
.. strikka på sjalet til mamma.
.. gjekk ein tur i Fischau (dei seier berre Fischau. Det tar sjølvsagt kortare tid enn å sei Baaaad Fischau) for å sjå meg litt rundt.
.. kjøpte skrivebøker slik at professor Schmidt (trur eg) ikkje trenger å sei “In Österreich haben wir Mathematikschreibheften in A4-format” til meg skikkelig høyt (ja, flaut!) i morgon også.
Klokka 18 kom vertsmor heim og berre: “Wir gehen zum Heuriger” og eg berre “VAH?”.
Når ein skal lage vin tar ein fyrst druene og klemmer de superhardt slik at de blir til druesaft. Så lar du det stå ei stund (slik at det gjærer seg og blablabla), og det blir “sturm-ettelleranna” og har øøøørlitegranne alkohol i seg. Det lenger du venter, det meir alkohol blir det og til slutt kan vi kalle det for vin. Heurig betyr “dette året” og Heuriger er rett og slett at vinmakarane serverer dette årets vin. (Som er ung vin som ikkje er gjæra ordentlig enda.) Vår alles kjære wikipedia seier at dette er ein typisk Aust-Austerrisk tradisjon. (få fleire aust der og du er heilt.. aust!)
Vinmakarane har eigne tavernaer (gatekjøkken, puber, kall det kva du vil) der de severer dette (og mat – ganske typisk gatekjøkken eigentlig), og dei er berre åpen i spesielle deler av året. Dei kalles for Strauße. For å illustrere at dei er åpen, setter dei ut ei stang med greiner og lys på.

Sturm-greie, vatn og druesaft.
Eg smakte (sjølvsagt) på båte druesafta og sturm-greia, og eg kan deffinitivt sei at vatnet druesafta smakte best. Akkurat som eplejuice faktisk. (Sturm-greia smakte berre .. sært (ikkje som vin og ikkje som druesaft, men noko i mellom og det var eigentlig ikkje noko godt). Eg kan trøyste meg med at vertsmor sa at den ikkje var noko god.)

Eg smakte også på dette som er ein type saltkringle-greie. Skikkelig salt. Etter eg hadde spist opp min så eg at vertsmor plukka av alle saltklumpene. Fail!
No har de lest dykk gjennom supermange parentes og enda fleire sidenoter. Og berre tre bilete. Det er sånn det får bli no, for eg veit ikkje kor eg skal starte å forklare nemlig. Seinare skal eg fortelje meir om dagen i dag, litegranne om skolen og alt mellom himmel og jord. Eg har det fortsatt kjempebra, sjølv om eg er trøttare enn trøttast. Snaks!
























