I anledning rydding av Johanne sitt klesskap, er kofferten min nesten ferdigpakka (Det er 7 dagar igjen no). Det er fortsett nokon ting som skal inn og nokon andre som skal ut. I tillegg er det andre småting som ikkje er klede som også skal vere med til de sørligare trakter. Okei, sørlig og sørlig, det er iallfall sør for polarsirkelen.

kjelde: We<3it
I prosessen pakking må ein luke ut kva ein skal ha med, og kva som eigentlig aldri burde forlate huset i det heile tatt. Eg snakkar om dei slitte kleda. Dei ein berre bruker når ein VEIT at ein ikkje skal forlate huset. Har du nokon sånne klede? Eg har eit tonn!
Ein gamal revygenser som eigentlig burde bort, men som er så grei å ha på tur. Eit par lester som er kjempegode og varme, men som har tidenes hull under foten. Ein gamal longs med hull i, som er så grei å ha på slappe dagar. Den gamle Are og Odin T-skjorta som burde vore kasta for lengst, men som er så koselig å sjå på. Lista er uendelig!
Alle disse er klede som er bra å ha, men som ikkje kan vere med i det nye livet. Ting som kom inn i klesskapet, splitter ny og full av stoltheit, men som har falma med åra, og berre blitt der fordi ”de er jo så grei å ha”. Med nærmare ettertanke er dette jo klede vi ”trenger”. Klede som vi bruker. For kva skal eg bruke ein sein novemberkveld, eller ein dag eg er sjuk? Likevel kvalifiserer dei seg ikkje til å vere med på flyturen. Kva er det som skal til for at dei gjer det?
Når vi kjøper klede på butikken, er det med den tanken at vi skal bruke dei i full offentligheit (som oftast iallfall). Etter kvart som dei blir meir og meir slitt, ender dei opp med statusen ”slækkis-klede”. Og vi blir berre meir og meir glad i dei, right? Iallfall eg. No har eg faktisk ingen aning om kva eg skal gjere når eg kjem til Austerrike. Eg veit ikkje kva eg blir å drive på med på fritida. Eg veit ikkje om dei har det like kjølig i husa om vinteren som det vi har heller (okei, på rommet mitt da – der er det nemlig eg som styrer varmen, og eg er ikkje akkurat eit naturtalent). Eg veit at eg blir å kjøpe nytt i Austerrike, men det er då litt trist å berre kjøpe klede som ingen skal sjå. Og enda tristare å degradere dei finfine tinga som ligger i kofferten akkurat no – til klede som berre er for heimens fire veggar.
Nokon må bli heime. Kjem eg til å sakne dei? Eg veit at dei ikkje kjem til å sakne meg. Dei har ikkje sjel (joda) og heller ikkje namn (joda). Og eg kjem jo tross alt tilbake til slutt.
Alt dette får det meg til å tenkje på eit kjend bibelvers.
”Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel. Men samla dykk skattar i himmelen, der verken møll eller makk øydelegg og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. For der skatten din er, vil hjartet ditt óg vera.” Matt 6, 19-21

kjelde: We<3it
Når tida vår på jorda er ferdig, får vi ikkje ta med oss nokon ting vidare. Det er rett og slett ikkje vits å samla opp masse skattar og ting og tang og stæsj her heime, når vi ikkje får ta det med oss vidare. No når eg drar til Austerrike er det kanskje på sin plass at eg lar ting vere igjen, slik at eg ikkje får eit alt for godt forhold til det. For der skatten min er, der vil hjartet mitt vera. Og eg vil heller at hjartet mitt skal vera hos Gud enn i ein gamal genser.
Kort oppsummert. Gud er viktigare enn alle dei kleda som eg gjerne skulle ha med meg til Austerrike. Men ein unødvendig ullgenser blir det uansett!